Tidarvende

Ei id av
travle sekund
rasar framom i
oppjaga forgjengelegdom -
ei uvilkårleg annsemd
i omgåande vendereis.
Samstundne tilskuv
utløyste av eit
tvingande frimod,
ein djervskap i
ustyrleg utbrot
døyva av ujamne flater av
kjøleg tid.
Det omskiftelege i
botnlaus flukt

Ubrotne rekkjer av
tidarvende
tusenår
i endelaus fluks
- i uunngåeleg bane mot
ubønhøyrleg vanlagnad
og oppløysing -
ei ufråvikeleg,
endeleg
uferd

Korleis tidfeste noet -
denne vedvarande milesteinen?
Febrilske glimt
av ustadige tidsskiljer,
epokale augneblink,
det ævelege vendepunktet