Karin Boye funnen død, Mai 1941

Var der da ikkje ei einaste hand
som rette seg ut etter di
den gang da grunnen under din fot
for alvor tok til å gli - ?
No står vi her tomhendte alle i hop
og ser mot ei attlæst dør.
Vi skulle ha bydd deg all varme vi eig.

Vi skulle ha gjort det litt før.
Den einsame gjekk frå si einsemd til slutt.
Den frosne har frose i hel.
Var der da ikkje på jorda ein
som kunne ha stått di sjel
så nær at han vàrde deg med sin eld
mot kulden? - Din død gir svar.

Du stod nok og såg deg ikring før du gjekk,
men eld vart du ingen stad vâr.
Så mange blir drivne i døden no
som berre mot livet trår.

Men du var ein døds-friviljug.
Du bøyde deg, trøytt og sår,
mot døden og bad at du måtte bli løyst,
og no har han gjort som du bad.

Eit "takk" var vel siste òm av di røyst
da varsamt han bar deg av stad.
Vi veit det: vi skal ikkje sørgje
for di skuld. Du sjølv har vàlt.

Det er berre det: no når du er sløkt
sansar òg vi kor kaldt
det kjennest ikring oss. Det var just deg
vi ville hatt med oss i kveld,
og frysande, einsame søker vi inn
mot det du har skapt av eld.

EG SAKNAR DEG SLIK
Eg blir ikkje kvitt dei, dei har røta seg fast
desse orda, kva kunne eg gjort?
var eg for vikande, var eg for feig?
eg kan ikkje jage dei bort.

Kvar einaste dag må eg leve med
at du brått kutta alle band.
Du takka nei til livet,
fordi du ikkje meining fann.

Forstod du ikkje kor elska du var?
var det ikkje tungt å dra?
Kan hende er det ikkje slik det er,
når ein har tenkt seg av stad.

Hadde du vore her, akkurat no
skulle eg ha halde deg fast!
og sagt at eg aldri vil la deg dra,
og med deg står eg last og brast.
Det var så mykje som aldri vart sagt
enda så like vi var.

Vi skulle ha opna opp stengde rom,
og fått fram både spørsmål og svar.
Eg saknar deg slik, kjensla sting og brenn,
tung time i vakenatt.
Det finst ingen stader å gjøyme seg bort,
frå tanken, du kjem ikkje att.