Ikkje dytt

Ikkje dytt, eg må gå trappa sjølv.
Vil du gå fortare med andre pauser, så er det greit det.
Eg går ikkje fortare enn eg går, eg.

Ikkje dytt!
Eg må få stå her ei stund, - kvila, kava, gråta, le.
- Rygga og setje foten ned att på forrige trinn
- kjenne ekstra etter om eg er ferdig til å gå vidare. Ikkje dytt!
Det er så vondt å snubla.
Eg gjer det likevel, men då på min måte -
den er tryggast for meg. Ikkje tru at trappa er lettare å gå
fordi du veit kva neste trinn heiter.
Men det er fint å ha deg saman med meg,
for eg leitar etter nokon å halda i. Fint å ha nokon stødig bak ryggen,
nokon som kjenner trappa.
Det er tungt å gå åleine, fint å ha deg der,
men ikkje dytt!
Eg kjem i mitt eget gangalag, eg. Det er fint å sjå at andre har kome seg opp.
Eg er i seget, men ha tolemod med meg!

~Gudrun Lid Sæther